Foredrag om korrupsjon ved Erling Folkvord

Lørdag 2. mai arrangerte Kystpartiet i Vestfold et åpent møte i Tønsberg. Temaet for møtet var korrupsjon og maktmisbruk i Norge. Tidligere stortingsrepresentant Erling Folkvord holdt et foredrag om korrupsjon, og under gjengir vi innholdet i foredraget.

Om korrupsjon.

Av Erling Folkvord

Innleiing på åpent møte i Tønsberg 2. mai 2015, i samband med årsmøtet i Kystpartiet.

 

Revisoren

For rundt 180 år sia ga den russiske forfattaren Nikolaj Gogol (1809–1852) ut forvekslingskomedien Revisoren. Med skarp penn og fornøyeleg satire skildra han sider av russisk overklasseliv som det ikkje var vanleg å skrive om:

Ein ukjend tilreisande kom til ein by der mange auka rikdomen sin med tvilsam bissniss og ulovlege metodar. Dei ville gjerne fortsette med det. Dei trudde den framande var den offentlege revisoren som dei visste skulle kome på kontrollbesøk. Den ukjende vart oppvarta med milde gåver, servering, pengar og seksuelle tenester.

Han forstod forvekslinga, forsynte seg med begge hender og klarte å flykte før han vart avslørt. Gogol avslutta forteljingada den verkelige revisoren kom til byen.  Foreløpig er det smått med tilsvarande samtidslitteratur frå det moderne Norge.

*

Eg kjenner ikkje til korrupsjonsfrie samfunn.

Hovudpoenget i  ein kapitalistisk økonomi er, litt forenkla, at kapitaleigaren skal tileigne seg den meirverdien som arbeidarar skaper gjennom arbeid.  Samfunnet vårt er bygd på denne retten – som derfor er lovleg.

Så er det enkelte bedriftseigarar som ikkje nøyer seg med det. Dei vil ha enda meir. Og ein del av dei som berre er sentrale funksjonærar nyttar og høvet til å ete av lasset.

Da er vi over i kriminalitet som og kan omfatte korrupsjon.

Skilnaden treng ikkje vere stor mellom ordinær, lovleg bissniss og  det korrupte.

*

Men først litt generelt om kva korrupsjon er: Først: Vi misforstår kvarandre viss vi ikkje seier kva vi legg i begrepet.

Sjølve ordet ”korrupt” kjem frå latin og betyr omtrent det same som ”utskjemt” eller ”forderva”.

Ein kvardagsdefinisjon kan vere: ”Eit saksforhold det luktar av, eit råttent opplegg”.

Saka luktar fordi ein eller fleire av aktørane bryt både normer og formelle spelereglar, anten dei gjer det i banken, på lageret, på innkjøpskontoret, på golfbanen eller over ein diskré restaurantmiddag.

Jusprofessor Carl August Fleischer definerte korrupsjon i offentleg sektor 18 år før ordet  korrupsjon kom inn i straffelova.

Samlet sett kan vi si at det korrupte Norge – i forhold til offentlige stillinger, tillitsverv og posisjoner – består i at det finnes personer som opptrer slik at de ivaretar egne eller andres spesielle interesser. Disse interessene ivaretas  istedenfor samfunnets interesser eller i større grad enn det er grunnlag for eller rettslig adgang til.

 

Når det er sagt om korrupsjon i offentlege funksjonærar og politikarar, bør vi ikkje glømme at det nesten alltid er ein privat part, som vanlegvis får den største gevinsten.

*

  • 276 a i straffelova har eit korrupsjonsbegrep som dekker både offentleg og privat sektor, men som er langt snevrare enn det begrepet Fleischer formulerte:

For korrupsjon straffes den som

  1. a) for seg eller andre krever, mottar eller aksepterer et tilbud om en utilbørlig fordel i anledning av stilling, verv eller oppdrag, eller
  2. b) gir eller tilbyr noen en utilbørlig fordel i anledning av stilling, verv eller oppdrag.

Og så har vi det som i lova blir kalla påvirkningshandel. Det vil seie den som krev, mottar eller godtar ein «utilbørlig fordel» for å påverke andre si utføring av stilling verv eller oppdrag. (§ 276 c). Dette omfattar og stilling, verv eller oppdrag i utlandet.

*

Ingen skal dømmast etter paragraf 276 utan at påtalemakta  overbeviser retten hinsides einkvar rimeleg tvil om at vedkomande faktisk har krevd, mottatt, akseptert eller gitt ”en utilbørlig fordel i anledning av stilling, verv eller oppdrag”.

Rettssikkerhet betyr frikjenning av mange skyldige, anten det er valdtekt eller korrupsjon. Eg syns det skal vere slik. – Ei anna sak er at mange skyldige går fri på grunn av manglande eller dårleg etterforsking.

*

Skal vi snakke om den verkelege korrupsjonen, må vi ta med dei som påfører samfunnet skade og innkasserer utilbørlege fordelar som har ei viss betydning, sjølv om saka aldri blir politietterforska.

*

Ein nytilsett funksjonær i Boligetaten  i Oslo fortalde meg for snart 25 år sia at han på1980-talet reagerte på praksisen med at saksbehandlarar fekk gåver frå visse leverandørar. Han spurte sjefen til råds og fekk klart svar: ”Du skal ikkje ta i mot meire enn du kan bere med deg.”

Den underordna som følgte rådet, var den første som vart arrestert da politiet i samarbeid med Kommunerevisjonen starta ei korrupsjonsopprulling sommaren 1989. Sjefen som ga rådet, kom seg gjennom både etterforsking og gransking med rak rygg og upletta rulleblad.

Eg vil tru vi har hatt tenestemannskorrupsjon i offentleg sektor  sia Harald Hårfagres tid.  – Eit av dei første mediekjente eksempla etter andre verdskrig er tollkorrupsjonen i Oslo.

Den unge pelsgrosseraren Olav Thon og tre tilsette i tollvesenet fekk i 1956 til dels streng straff. Byretten fann det bevist at grosseraren hadde avtalt å betale ein av dei andre tiltalte for å sleppe unna med billegare fortolling. Retten fann det og bevist at grosseraren handla med overlegg og dømte han til fengsel i eitt og eit halvt år, bot og inndraging. Fengselsstraffen var betinga.

*

Etter mitt syn er politikarstyrt korrupsjon alvorlegare og ofte meir samfunnsskadeleg enn tenestemannskorrupsjonen. Eg skal nøye meg med eit par eksempel.

Alle hugsar NOKAS-ranet i 2004. Eit ransutbytte på 51 millionar har framleis ikkje  komi til rette. Langt færre hugsar ei børsmelding frå Sundal Collier året etterpå. Firmaet kunngjorde at dei trekte seg ut av den såkalla sjukehusboligsaka i Oslo med ein nettogevinst på rundt 100 millionar.  Sundal Collier hadde ikkje investert ei krone i sjukehusboligane eller sjukehusboligsaka. Dei hadde berre flytta ein del papir og hatt avgjerande, men diskré samtalar med politiske nøkkelpersonar. Driftsutgiftene til desse føremåla frå første kvartal 2001 til tredje kvartal 2005 var små.

NOKAS-ranet vart etterforska og dei sentrale  aktørane vart tatt og dømt. I det langt større sjukehusboligranet starta politietterforskinga først fem år etter at Sundal Collier sende gevinstmeldinga til Børsen. Dei eventuelt straffbare handlingane i den avgjerande startfasen var da truleg strafferettsleg forelda.

Enkelt sagt er dette ei sak der nokre få sentrale Høgrepolitikarar i Oslo sørga for at ei handplukka kjøpargruppe fekk  kjøpe meir enn 1700 kommunale småleiligheter til gi bort-pris. Om vi bruker tala frå vinnaren sine eigne bedriftsrekneskap, kunne Ivar Erik Tollefsen to-tre år seinare bokføre ein skattefri gevinst på i overkant av 1 400 millionar.

Eg har skrivi ei bok om denne saka, som blir utgitt om nokre dagar. Titel:

DET STORE OSLO-RANET

Byrådet, investoren og torpedoen

 

Eg har lite tru på at ranslaget nokon gong blir stilt til ansvar, verken økonomisk eller juridisk. *

Forhistoria til sjukeheimen Midtåsen i Oslo er eit anna, og langt mindre  eksempel på politikarstyrt korrupsjon.

Igjen var det ein liten handfull Høgrepolitikarar med høg medieprofil som braut både lov ,  kommunale vedtak og god forvaltningsskikk. Noverande fylkesmann i Vestfold – Erling Lae,  som var byrådsleiar i Oslo fram til 2009 – var ein av dei. Dei  hjelpte den kjente partisponsoren Atle Brynestad.  Dei sørga for at Brynestad utan konkurranse frå andre fekk ein rådyr 20 års utleigeavtale med kommunen. Han leigde ut eit sjukeheimsbygg som han planla å bygge på ei statleg tomt som han enno ikkje hadde kjøpt.

*

Om vi igjen held oss til vinnaren sine eigne rekneskapstal, så viser rekneskapen frå eit av Brynestad-selskapa at han  etter nokre månader innkasserte ein nettogevinst på 24,5 skattefrie millionar. Han selde  nemleg leigeavtalen og trekte seg ut lenge før det første spadestikket på tomta. Altså ikkje meir enn ein halv NOKAS i dette tilfellet.

*

Eg stansar oppramsinga der. Det er viktigare å sjå på kva vi kan gjere. Kven er det som kan vere motkreftene mot korrupsjon, anten det er i Statoil, Yara, Telenor eller dei meir beskjedne delane av privat eller offentleg sektor?

*

Å førebygge er alltid nyttigare enn å avsløre, granske og eventuelt straffe etterpå. Enkle og effektive tiltak som kan redusere korrupsjonen, er derfor det viktigaste. Internasjonal korrupsjonsforsking viser at ein del årsaksforhold går igjen, og at det finst medisin mot sjukedomen.

 

Etter arbeid i mange land har medarbeidarar i FN sitt utviklingsprogram (UNDP) samanfatta kunnskap om dette i ei enkel korrupsjonslikning.  Likninga seier at korrupsjonen får gode vekstvilkår:

  • når leverandørar kan få monopol eller einerett gjennom hemmeleg saksbehandling,
  • når organisasjonen, etaten eller foretaket manglar ryddig rekneskapsføring og grundig revisjon,
  • når tilsette i organisasjonen viser dårleg etisk skjønn i saksbehandling og anna yrkesutøving,
  • når utanforståande i liten grad får innsyn i den interne saksbehandlinga og avgjerdsprosessane i ein etat, eit selskap eller ein organisasjon. Likninga viser at enkle grep kan gjere speleromet mindre for dei korrupte. Åpen saksbehandling og utvida innsynsrett for dei som bryr seg, er gratistiltak som vil gjere det vanskelegare å lykkast med korrupt handlemåte.

Så enkelt og så vanskeleg er det.

Mykje ville òg vere gjort viss overordna maktpersonar måtte ta alvorleg tak i varslingar om korrupsjonsliknande forhold som dei mottar  frå underordna medarbeidarar.

*

FN-medarbeidarane som laga korrupsjonslikninga, meinte at avdekking av korrupsjon må følgjast opp med handling: «Hvis korrupte politikere og tjenestemenn ikke rettsforfølges umiddelbart, mister sine jobber og verv og blir fordømt i og av offentligheten når de blir avslørt, kan det oppmuntre til kriminelle handlingar og en straffefrihetskultur som igjen gir grobunn for mer korrupsjon.»

Det siste poenget er viktig. Neddyssing i staden for opprydding har vori og er eit gjennomgåande problem etter avdekking av korrupsjon eller korrupsjonsliknande forhold i Oslo kommune.  Straffefrihetskultur viser at det er liten risiko med å prøve seg på  nytt

Utvide innsynsretten

For å få mange med i avdekkinga av både korrupsjon og offentleg sløsing, må den menige kvinne og mann få større rett til innsyn.

Hemmeleghaldet rundt kontraktar og kontraktsvilkår er ofte svært omfattande. Dette gjer at folk som kjenner lokale forhold, som pårørande og tilsette på ein sjukeheim eller foreldre i ein barnehage, effektivt blir utestengt frå kunnskap om anbuds- og innkjøpsprosessar. Dette bør endrast, slik at dei raskt og enkelt kan få innsyn i både ulike pristilbod, kontraktar, timelister og rekningar.

Viss det blir vanleg at folk som bryr seg, får innsyn i den fortløpande  rekneskapsføringa, blir det vanskelegare å fuske.

Viss Stortinget endrar den lovfesta innsynsretten (Offentleglova) i vesentleg grad  og kommunestyret både  utvidar innsynsretten kraftig og oppfordrar befolkninga til å bruke den, får kommunen omfattande gratishjelp for å avdekke korrupsjon og liknande forhold.

= = =

I arbeidet for å førebygge korrupsjon og korrupsjonsliknande maktmisbruk frå sentrale politikarar, bør vi ikkje begrense oss til det som blir omfatta av § 276 i straffelova. Ei sak som Tønsberg Blad rulla opp for nokre  år sia, illustrerer dette.

Tidlegare nestleiar Per Arne Olsen i FrP var ein av hovedpersonane. Han var ordførar i Tønsberg fram til 2009. Ordførar  Olsen støtta ein utbyggar, slik at han fekk auke utnyttingsgraden – og dermed fortenesta – på eit nytt byggefelt. Så langt var dette eit politisk standpunkt i ei konkret sak.

Seinare kjøpte Olsen ei leilighet som utbyggaren av ukjente grunnar ikkje hadde lagt ut i marknaden. Redaktør Stanghelle i Aftenposten konstaterte at «Der den vanlige borger på leilighetsjakt måtte stille seg i kø, gikk byens fremste tillitsvalgte snarveien og fikk kjøpe direkte fra utbygger.»  Per Arne Olsen (FrP) har seinare fått politiattest med teksten  «intet straffbart forhold anses bevist», sjølv om Tønsberg Blad påviste at han gratis fekk ein garasjeplass som var verd 220 000 kroner. Dette var ein fordel, men ikkje ein «utilbørlig fordel», ettersom politiet kom fram til at andre òg hadde forhandla seg til liknande ordning.

Det Tønsberg Blad  avdekka, tyder på at utbyggaren gav daverande ordførar Olsen ei særbehandling som han neppe hadde fått, om han hadde vori lagerarbeidar Kari Olsen eller hjelpepleiar Per Olsen utan eit einaste politisk verv. Viss vi godtar slik utdeling av fordelar, berre fordi påtalemakta seier det ikkje er straffbart, innsnevrar vi kampen mot korrupte forhold i norske kommunar. Ein kan godt vere usamd med politiet i Olsen-saka, men eg meiner kritikken bør rettast mot lovgivar, dvs. Stortinget. Den norske korrupsjonsparagrafen er svak og knapt  meir enn ein skygge av britisk antikorrupsjonslovgiving.

Men igjen: Eg trur utvida innsynsrett for Kari og Per Olsen er meir effektive tiltak for å stanse politikarar om vil skaffe seg den typen fordelar som tidlegare ordførar Olsen innkasserte.

*

Vi treng offentleg debatt om kor vi synst grensene skal gå mellom det korrupte og det akseptable anten det er i stat eller kommune. Og vi bør hugse på at private bissnisfolk deltar i det aller meste av korrupsjonen i offentleg sektor.  Anten det er enkeltpersonar, små bedrifter eller milliardkonsern. Dessutan må vi ta omsyn til at korrupt handlemåte i dag ofte går over landegrensene. Det gjeld særleg i dei store sakane:

Eg skal nemne eit eksempel som er offentleg kjend, men der ordet korrupsjon ikkje vart nemnt:

DNO – Det norske oljeselskap – driv oljeutvinning i den kurdiske regionen av Irak. Dette er stor bissniss særleg når oppsplittinga av staten Irak nærmar seg.

DNO hadde likviditetsproblem under finanskrisa som utvikla seg frå hausten 2008. I oktober kjøpte oljeminister Ashti Hawrami i den regionale  kurdiske regjeringa DNO-aksjar for 175 millionar direkte frå DNO. Partane heldt denne handelen  hemmeleg.  DN skreiv seinare (23.02.2010) at aksjesalet «reddet DNO fra likviditetsproblemer. »

  • kokrim har opplyst at oljeminister Hawrami seinare selde DNO-aksjane og innkasserte ein gevinst på 118 millionar kroner. Dvs litt meir enn to NOKAS for å bruke norsk målestokk. DN skreiv (23.02.2010) at «ingen vet hvor gevinst [på over 100 millioner kroner fra denne aksjehandlen] har tatt veien.»

Eg møtte presidenten i det regionale kurdiske parlamentet i nordlege Irak nokre månader før oljeministeren starta den lønsame aksjehandelen. På slutten av møtet ba eg han nemne det som etter hans syns var dei tre største problema for det regimet og myndighetssystemet han var ein del av. Presidenten sa da at «korrupsjonen hos våre egne myndigheter er eit av dei aller største problema våre.»

For Økokrim var dette ei sak  om marknadsmanipulasjon, og dei ga  DNO ei bot på 27 millionar kroner.

DNO sin pressetalsmann poengterte at: «Kjernen i saken for oss nå er at vi mener Økokrim ikke har mulighet til å gi oss denne boten, så lenge vi allerede har betalt en bot til Oslo Børs på 800 000 kroner.»

Styreleiaren i DNO  var ikkje snauare enn at han meinte bøtelegginga  var ein «dobbeltstraff som bryter med grunnleggende regler i den europeiske menneskerettighetskonvensjonen». (DN 28.09.2012.)

Ein analytikar hos Swedbank First Securities  trur på si side at bota frå Økokrim er «av marginal verdimessig betydning for DNO.» [Analytikar Teodor Sveen Nilsen til TDN Finans. Gjengitt i DN 2.10.2012.]

Så da kan vi jo velje korleis vi vil sjå på denne hemmeleghaldne og svært lønsame aksjehandelen:

–              Var det ei straffbar marknadsmanipulering for å berge DNO gjennom ei likviditetskrise  hausten 2008?

–              Eller fekk DNO  dobbeltstraff i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen?

–              Eller er det korrupsjon over landegrensene der DNO for å berge seg sjøl,  gjorde ein deal med ein råtten statsråd i eit gjennomkorrupt regime.

I alle fall er det i sak der norsk påtalemakt ikkje bruker korrupsjonsbegrepet.

*

Torsdag 7. juni er det eit uvanleg arrangement i Operaen i Oslo. Bilelektrikar og mangeårig tillitsvald i Oslo Sporveiers Foreining Jan Erik Skog skal ta i mot Fritt Ord sin ærespris. Han stod i mot trakassering, latterleggjering o.l. i eit tiår, etter at han første varsla om det han meinte var korrupsjon i diretørsjiktet. – Styreformannen i Sporveisbussene AS, konsernsjefen og konsernstyreleiaren gjorde absolutt ingen ting. – For nokre månader sida vart eit par direktørar og nokre av medhjelparane dømt til i alt 23 års fengsel. Dommane er ikkje rettskraftige ettersom nesten alle har anka.

To av politikarane som gjennom eige slølvsinn og passivitet har lagt til rette for busskorrupsjonen, er tidlegare konsernstyreleiar Michael Tetzschner (H) og tidlegare samferdselsbyråd Peter N. Myhre (FrP). Berre er stortingsrepresentantar i dag.

Opprullinga starta etter at Rødt kom inn i eit av dei folkevalde organa som i årevis hadde sovi i timen. Rødt-politikaren Ingrid Baltzersen og Rødt si bystyregruppe starta eit langvarig samarbeid med Oslo Sporveiers Fagforening.

*

Fleire eksempel eg har nemnt gjeld politikarar frå Høgre og FrP. Men ingen bør tru anna enn at korrupsjon er eit tverrpolitisk samfunnsproblem. Dei fleste folkevalde er ærlege og ryddige og ønskjer opprydding i all råttenskap, men eg meiner dei få korrupte med makt finst i alle leirar. Det korrupsjonssystemet som for 25 år sia vart delvis avdekka i og rundt Oslo rådhus, det var i stor grad bygd opp av nøkkelpersonar i Arbeidarpartiet og Kommuneforbundet, den gongen det nest største forbundet i LO.

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s